Bestill time med SMS

Send til 2097:  MASFJORDEN fødselsdato, ditt navn, grad av hast

Se eksempel

MASFJORDEN 030562 Kari Normann Trenger time for konsultasjon

Kr. 6,- per mottatt melding. Normalt to meldinger - bekreftelse og timeavtale. (Unngå sensitiv informasjon) NB: Tjenesten kan ikke benyttes om man har reservert seg mot kortnummer

Bestilling av faste medisiner

26. april 2018

Når du er til konsultasjon hos fastlegen, kan du be om å få ordna med faste medisiner for eitt år. Då kan du anten gå på apotek og hente sjølv ,eller ringe apoteket og be dei sende medisinen. Me har avtale om sending med Apotek 1 i Knarvik (nedom veien) Dei sender medisin anten til nærmaste butikk, eller heim til deg i posten. Sending til butikk koster kr 75, sending med post kr 150. Tlf Apotek 1 Knarvik: 56343000.

Du kan sjølvsagt som før ringe legekontoret for bestilling av medisin, då skal me hjelpe deg.

Digitale sjukemeldinger

18. januar 2018

Frå 15 januar 2018 vert heile sjukemeldinga digital. Du må ha ein bankID eller anna legitimasjon på høgaste tryggleiksnivå. Du kan avtale med legen om du ynskjer dette.

I så fall får du ein sms eller e-post der det står: Det ligg ei melding til deg på nav.no. Du går inn der og kan sende del C til arbeidsgiver. 

Du får ein sms eller e-post siste dag i sjukemeldingsperioden om at det ligg ein søknad på nav.no. Du fyller ut søknaden og sender denne digitalt til NAV og arbeidsgiver.(D-delen).

Henvisning til fysioterapi

18. januar 2018

Frå 1. jan 2018 treng ikkje pasienter lenger henvisning frå lege for å gå til fysioterapeut. Du kan sjølv ta direkte kontakt med den fysioterapeuten du ynskjer å gå til. For å få dekka ein del av behandlinga via Helfo, må fysioterapeuten ha driftsavtale med kommunen.

For meir info gå inn på helfo.no

Jordmor

9. november 2017

Me har jordmor på legekontoret onsdager. Dette er ei felles teneste for Masfjorden og Gulen. For time hos henne kan de henvende dykk alle dager i legekontoret si opningstid. Tlf 56166300.

Blodprøvetaking

9. november 2017

Til deg som berre skal ta blodprøver og ikkje har time. Du treng ingen avtale for dette. Det er greitt å berre henvende seg i luka.

Tidspunkt: man-torsdag 09-12 og 13-1330. Fredag 09-12

                

Sjømannslege og petroleumslege

9. november 2017

Rolf Magnus Sleire er godkjent som sjømannslege og petroleumslege. Ta kontakt med oss for time. Ventetida kan vere litt lenger enn til ordinære timer.