Kvar vaksinerer me?
Me vaksinerer framleis om onsdagar i det gamle lokalet til legekontoret på Hosteland, Fensfjordvegen 490.
Før vaksinering
Me ber om at alle har tatt ei avgjerd på om ein ynskjer vaksine eller ikkje når me tar kontakt. Me veit dessverre berre 1-2 veker fram i tid kva mengde me får av vaksine. Det er difor kort varsel på tildelt time til vaksinering, og me oppfordra alle til å ordne seg slik at ein kan møte på tildelt time så langt det lar seg gjere.
Det er FHI som bestemmer kor mange dosar me får kvar veke. Her finn du meir informasjon (www.fhi.no)
Legekontoret vil ta kontakt pr telefon med den enkelte innbyggar som står for tur og avtale tidspunkt for vaksinering. Dersom du har fastlege i ein annan kommune og er under 65 år er det ynskjeleg at du avklarar med fastlegen din om du er i risikogruppa. Når du har innhenta opplysningar frå fastlegen din tar du kontakt med Masfjorden legekontor som vil sette deg på vaksinasjonslista etter prioritering.
Me fylgjer nasjonale råd om kven som skal vaksinerast fyrst. Her finn du meir informasjon (www.fhi.no)
Eigenerklæringsskjema
Alle som kjem for å få vaksine må ha med seg ferdig utfylt eigenerklæringsskjema. Her må du svare på om du kjenner deg frisk, og om du har nokon kjende sjukdommar. Dette skjemaet kan du laste ned og skrive ut her:
Eigenerklæringsskjema for koronavaksinering (www.fhi.no)
Skjemaet er også lagt ut på alle butikkar i kommunen og på legekontoret.
Du skal ikkje møte til vaksinering om du har luftvegssymptom. Gi då beskjed på tlf. 56166300
Under vaksinering
Møt så presist som mogleg til klokkeslettet du har fått og vent i bilen til du blir henta inn. Dette pga smittevern.
Vaksineringa skjer på fylgjande måte:
- Registrering. Her leverer du eigneerklæringa.
- Vaksinering. Sprøyta med vaksine blir sett i overarmen. Ta på praktiske kle slik at det er lett å få fram overarmen.
- Observasjon. Me har som rutine at alle som tar vaksine må sitte i 20 minuttar etter vaksinasjonen i tilfelle ein får ein reaksjon etter vaksine.
Koronavaksine på 1-2-3 (www.fhi.no)
nynorsk_koronavaksine-pa-123.pdf (www.fhi.no)
Alle skal ha to dosar Pfizer vaksine. Folkehelseinstituttet anbefaler no eit intervall på 6 veker mellom første og andre dose med Pfizer vaksine. Når du får 1. vaksinedose får du samstundes timeavtale for 2. dose.