Me har fått oversikt over antal vaksiner me får i veke 24 og 25, og vil i løpet av desse vekene gi tilbod om vaksine til dei som er fødd i 1958 og fram til og med 1962.

Me vaksinerer fortløpande etter retningslinjer frå FHI, sjå prioriteringsrekkefylgjen under:

Prioriteringsrekkefylgje: 

1. Bebuarar i sjukeheim

2. Alder 85 år og eldre

3. Alder 75-84 år 

4. Alder 65-74 år 
og samtidig personar mellom 18 og 64 år med sjukdomar/tilstander med høg risiko for alvorleg forløp

5. Alder 55-64 år med underliggande sjukdomar/tilstander

6. Alder 45-54 år med underliggande sjukdomar/tilstander 

7. Alder 18-44 år med underliggande sjukddomar/tilstander 

8. Alder 55-64 år 

9. Alder 45-54 år 

10. Alder 18-24 år og 40-44 år

11. Alder 25-39 år

Dersom du har ein underliggande sjukdom og ikkje har fått tilbod om vaksine, kan du ta kontakt med legekontoret på tlf. 56166300.

Dei underliggande sjukdommane er:

  • Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsatt leverfunksjon  
  • Immundempande behandling som ved autoimmune sjukdomar 
  • Diabetes  
  • Kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroider eller steroidtabletter siste året  
  • Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare 
  • Demens  
  • Kroniske hjerte- og karsjukdom (med unntak av høgt blodtrykk)  
  • Hjerneslag  

 

Me ber om at alle har tatt ei avgjerd på om ein ynskjer vaksine eller ikkje når me tar kontakt. Me veit endå berre 1-2 veker fram i tid kva mengde me får av vaksine. Det er difor kort varsel på tildelt time til vaksinering, og me oppfordra alle til å ordne seg slik at ein kan stille på tildelt time så langt det lar seg gjere.

Me vaksinerer framleis om onsdagar i det gamle lokalet til legekontoret på Hosteland. Møt så presist som mogleg til klokkeslettet du har fått og vent i bilen til du blir henta inn. Dette pga smittevern.

Er du nyleg flytta til kommunen og ynskjer vaksine, ta då kontakt med legekontoret.