Hopp til hovedinnhold
Send til 2097:  MASFJORDEN fødselsdato, ditt navn, grad av hast

MASFJORDEN 030562 Kari Normann Trenger time for konsultasjon

Normalt to meldinger - bekreftelse og timeavtale. (Unngå sensitiv informasjon) NB: Tjenesten kan ikke benyttes om man har reservert seg mot kortnummer

Koronavaksinasjon 1., 2., eller 3. dose

9. desember 2021

Du skal ikkje bestilla time for vaksinering, berre møte opp til dei tidene som vert annonsert. Vaksinen er gratis.

Det vert koronavaksinering på Nordbygda gamle legekontoret den:

  • Tysdag 14. desember 2021 kl. 09.00 - 13.00
  • Tysdag 28. desember 2021 kl. 11.00 - 13.00
  • Onsdag 5. januar 2022 kl. 15.30 - 18.00
  • Onsdag 12. januar 2022 kl. 14.00 - 16.00

Følg med på heimesida for oppdatert informasjon, og for nye datoar etter dette.

Kommunen har fått nye retningslinjer om tredje dose:

  • Alle over 65 år kan få 3. dose når det er gått 5 månader frå du fekk 2. dose.
  • Alle over 45 år kan få 3. dose når det er gått 5 månader frå du fekk 2. dose.
  • Aldersgruppa 18-44 år i høgrisikogruppene når det har gått 6 månader frå du fekk 2. dose.
  • Alt helsepersonell når det har gått 5 månader frå du fekk 2. dose.

Er du gravid og usikker på vaksinasjon, ta kontakt med legekontoret.

Du kan sjå på helse Norge/min helse når du fekk dose 2, eller ta kontakt med legekontoret om du ikkje finn ut av det.

Masfjorden kommune oppmodar alle innbyggjarar som kan om å vaksinera seg.

Dersom du ynskjer 1. eller 2. dose med koronavaksine kan du også møte på ein av desse dagane.

Ved spørsmål ta kontakt med Masfjorden legekontor tlf. 56166300 eller Masfjorden helsestasjon: 56166314 / 56166313.