Hopp til hovedinnhold
Send til 2097:  MASFJORDEN fødselsdato, ditt navn, grad av hast

MASFJORDEN 030562 Kari Normann Trenger time for konsultasjon

Normalt to meldinger - bekreftelse og timeavtale. (Unngå sensitiv informasjon) NB: Tjenesten kan ikke benyttes om man har reservert seg mot kortnummer

Covid-19 - Nye reglar for testing og smittesporing

25. januar 2022

Testing

Hovudregelen no er at alle som har luftvegssymptom eller er nærkontaktar til korona positive skal teste seg med sjølvtest. Testar du positivt på sjølvtest vert du rekna som sikkert positiv, og dei fleste treng ikkje lengre reise til legekontoret for å ta pcr-test.

Desse reglane gjeld om du har testa positivt:

  • Personar som har fått ein tredje vaksinedose (oppfriskingsdose/"boosterdose"), eller som har fått to dosar koronavaksine og deretter gjennomgått covid-19 i løpet av dei siste 3 månadene, treng ikkje lengre ta bekreftande PCR-test etter positiv sjølvtest. Dette er fordi desse personane ikkje vil ha noko praktisk nytte av ein slik bekreftande prøve.
  • Personar som ikkje har fått oppfriskingsdose kan framleis ta bekreftande PCR-test på kommunal teststasjon dersom dei har behov for det til koronasertifikat eller av omsyn til vidare vaksinasjonsplan.
  • Personar som treng helsehjelp i samband med koronasjukdom vert tilrådd å ta bekreftande prøve med PCR-analyse når dette har tyding for diagnostikk og behandling.

Her kan du lese meir om kvar du kan få utlevert sjølvtest: Masfjorden kommune - Korona - sjølvtest

Sjølvregistrering av positive sjølvtestar og nærkontaktar

Kommunane er bedne om å lage eit system der den smitta sjølv kan registrere positiv sjølvtest og nærkontaktar. Masfjorden kommune arbeider no med å få på plass ei slik ordning, og me vil koma attende med meir informasjon når systemet er klart. Inntil vidare ber me innbyggjarar som testar positivt på sjølvtest om å informere sine nærkontaktar, og å melda frå om positiv sjølvtest til Masfjorden legekontor på telefon 56166300.