Folkehelseinstituttet (FHI) anbefalar at følgende grupper bør ta ei ny oppfriskningsdose med koronavaksine før kommande haust/vintersesong:

  • Personar i aldersgruppa 65 år eller eldre
  • Personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp
  • Ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsykdom.
  • Gravide i 2. og 3. trimester

Dette vil for dei fleste være dose 4, men for enkelte med alvorleg svekka immunforsvar vil det være dose 5. 

Anbefalinga om å ta ny oppfriskningsdose gjeld også dersom du nylig har gjennomgått ein koronainfeksjon. Gjennomgått sjukdom vil imidlertid gje deg god beskyttelse den første tida etter at du har vore sjuk og du kan derfor avvente i 3-4 måneder før du vaksineres med ny dose.

Anbefalt intervall siden forrige vaksinedose bør være minimum 4 måneder.

Ta kontakt med Masfjorden legekontor for meir informasjon eller for å avtale tid for oppfriskingsdose.

Telefon: 56166300