Korleis bestille time?
Det er mange som ynskjer å nå oss via telefon. Om du vil spare tid, kan du nytte deg av vår SMS-køfrisystem. Du skriv då MASFJORDEN, fødselsdatoen din og navnet ditt, og sender meldinga til 2097. Ei melding kan sjå slik ut:
MASFJORDEN 05.05.90 Ola Hansen ynskjer time, gjerne neste veke.
Du kan sende meldinga heile døgnet
Avbestille time, eller endre timeavtale
Ring oss, eller send MASFJORDEN fødselsdato og navnet ditt med avbestillinga eller ynskje om endring av time til 2097. Dette må skje innan 24 timer før konsultasjonen elles må du betale for timen.
Korleis bestille faste medisiner?
Ring legekontoret for bestilling. Du kan også bruke melding på samme måte som bestilling av time: Masfjorden f.dato Navn. Type medisin du ynskjer bestille. Skriv gjerne om den skal sendast ( heim eller butikk) eller om du vil hente sjølv. Send meldinga til 2097
Sjå elles informasjonsida ang bestilling av faste medisiner.
Attester og korttidssjukemeldingar
Ring legekontoret.
Helsekontroller
Ta kontakt med helsesøster. Tlf 56166313
Vaksinering
Ta kontakt med helsesøster. Tlf 56166313