Hopp til hovedinnhold
Send til 2097:  MASFJORDEN fødselsdato, ditt navn, grad av hast

MASFJORDEN 030562 Kari Normann Trenger time for konsultasjon

Normalt to meldinger - bekreftelse og timeavtale. (Unngå sensitiv informasjon) NB: Tjenesten kan ikke benyttes om man har reservert seg mot kortnummer

Påska 2024

22. mars 2024

Opningstider veke 13:

· Måndag 25.03 kl. 09-15

· Tysdag 26.03 kl. 09-15

· Onsdag 27.03 kl. 09-12

· Skjærtorsdag 28.03 og Langfredag 29.03 - STENGT

Opningstider veke14:

· Måndag 2. påskedag 01.04 - STENGT

· Resten av veka vanleg opningstid

Treng du legetilsyn dei dagane legekontoret er stengt kontakt Nordhordland legevakt på tlf. 116117. Er det akutt ring 113.

STENGT

12. januar 2024

Legekontoret er stengt Torsdag 18.01.24 (frå kl. 13.00) og Fredag 19.01.24 pga. overgang til nytt journalsystem. 

Treng du legetilsyn desse dagane legekontoret er stengt, kontakt Nordhordland legevakt på tlf. 116117.

Er det akutt ring 113.

Jula 2023

14. desember 2023

Opningstider romjula 2023:

  • Måndag 25.12.23 : stengt
  • Tysdag 26.12.23 : stengt
  • Onsdag 27.12.23: kl. 09.00 – 15.00
  • Torsdag 28.12.23: kl. 09.00 – 15.00
  • Fredag 29.12.23: kl. 09.00 – 15.00
  • Måndag 01.01.24: stengt

Treng du legetilsyn dei dagane legekontoret er stengt kontakt Nordhordland legevakt på tlf. 116117. Er det akutt ring 113.

ME YNSKJER ALLE EI GOD JUL!

Påska 2023

15. mars 2023

 Opningstider veke 14:

  • Måndag 03.04 kl. 09-15
  • Tysdag 04.04 kl. 09-15
  • Onsdag 05.04 kl. 09-12
  • Skjærtorsdag og Langfredag stengt

Opningstider veke15:

  • Måndag 2. påskedag stengt
  • Resten av veka vanleg opningstid

Treng du legetilsyn dei dagane legekontoret er stengt kontakt Nordhordland legevakt på tlf. 116117. Er det akutt ring 113.

Legekontoret stenger kl 14:00 Fredag 16.desember

16. desember 2022

 

Fredag, den 16. desember, stenger legekontoret kl 14.

Treng du tilsyn av lege etter kl 14, kontakt Nordhordland legevakt Tlf: 116117, ved akutt behov ring 113.

Oppfriskningsdose Koronavaksine

16. desember 2022

Folkehelseinstituttet (FHI) anbefalar at følgende grupper bør ta ei ny oppfriskningsdose med koronavaksine før kommande haust/vintersesong:

  • Personar i aldersgruppa 65 år eller eldre
  • Personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp
  • Ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsykdom.
  • Gravide i 2. og 3. trimester

Dette vil for dei fleste være dose 4, men for enkelte med alvorleg svekka immunforsvar vil det være dose 5. 

Anbefalinga om å ta ny oppfriskningsdose gjeld også dersom du nylig har gjennomgått ein koronainfeksjon. Gjennomgått sjukdom vil imidlertid gje deg god beskyttelse den første tida etter at du har vore sjuk og du kan derfor avvente i 3-4 måneder før du vaksineres med ny dose.

Anbefalt intervall siden forrige vaksinedose bør være minimum 4 måneder.

Ta kontakt med Masfjorden legekontor for meir informasjon eller for å avtale tid for oppfriskingsdose.

Telefon: 56166300

Masfjorden legekontor har redusert kapasitet  

12. september 2022

Masfjorden legekontor har redusert kapasitet

Me mangler lege i ei av stillingane. I tillegg til dette er ein av legane sjukmeldt. Det vert arbeid med å betre kapasiteten. 

I påvente av dette ber me om forståing for den personell situasjonen legekontoret no har.
Nødvendig helsehjelp vert prioritert. Dette medfører lenger ventetid på ordinære legetimar.

Tekst: Ida Eide, leiar for helsetenesta.

 

Koronavaksine

8. september 2022

Dei nye vaksinane er oppdaterte for å vere betre tilpassa variantane av koronaviruset, og dei skal brukast til oppfriskingsdose.

Ynskjer du likevel vaksine før den nye kjem, ta kontakt med legekontoret. 

Koronavaksine for dei over 75 år

7. juli 2022

  • Folkehelseinstituttet anbefaler at personar som er 75 år og eldre får oppfriskningsdose.
  • Anbefalinga om oppfriskningsdose gjeld uavhenging om ein nyleg har gjennomgått koronainfeksjon.
  • Dosen kan bli gitt tidlegast 4 månadar etter siste oppfriskningsdose, eller minimum 3 veker etter gjennomgått koronainfeksjon.
  • Det blir ikkje sendt ut innkalling til vaksinering, ein må sjølv ta kontakt med legekontoret for å avtale tid.

Me vil få levert koronavaksiner i veke 29. Dei som ynskjer vaksine kan ta kontakt med legekontoret på 56166300.

Dette gjeld og dei som ynskjer 2. dose eller 3. dose.

Registrere positiv sjølvtest

1. februar 2022

Dersom testen din er positiv er det viktig at kommunen får beskjed.
Skjema for registrering av positiv hurtigtest (skjema.kf.no)
Dersom du har problem med registreringa ring Masfjorden legekontor på
Telefon 56166300.

For meir informasjon sjå masfjorden.kommune.no

 

 

Koronavaksinering i februar 2022

1. februar 2022

Det vert koronavaksinering på gamle legekontoret i Nordbygda: 

  • Onsdag 2. februar kl. 16.00 - 18.00 
  • Onsdag 9. februar kl. 16.00 - 17.00 
  • Onsdag 16. februar kl. 16.00 - 17.00 
  • Onsdag 23. februar kl. 16.00 - 17.00  

Etter desse dagane vert det ikkje lenger vaksinering i Masfjorden kvar veke. Me vil fortsetje å vaksinere, men då etter behov. Me kjem tilbake med tidspunkt for dette.

Alle over 18 år kan få 3. vaksinedose dersom det er gått 20 veker etter 2. vaksinedose. Dersom du ynskjer 1. eller 2. dose med koronavaksine kan du også møte på ein av desse dagane. 

Dei med alvorleg svekka immunforsvar og skal ha 4. dose kan og møte her, sjå eige informasjon kven dette gjeld.  

Viktig informasjon: Du får ikkje innkalling til 3. dose slik du fekk til 1. og 2. dose. Du skal ikkje bestilla time for vaksinering, berre møte opp til dei tidene som vert annonsert. Vaksinen er gratis. 

FHI tilrår også gravide i aldersgruppa 18-44 år å ta oppfriskingsdose i andre og tredje trimester, og i første trimester dersom dei har annan tilleggsrisiko. Er du gravid og usikker på vaksinasjon, ta kontakt med legekontoret. 

Er du usikker på når du fekk dose 2 kan du logge inn på Helse Norge og sjå når du fekk dose 2, eller ta kontakt med legekontoret om du ikkje finn ut av det. 

Masfjorden kommune oppmodar alle innbyggjarar som kan om å vaksinera seg. 

Ved spørsmål ta kontakt med Masfjorden legekontor tlf. 56166300 eller Masfjorden helsestasjon: 56166314 / 56166313. 

Koronavaksinering for 5-11 åringane og 12-15 åringane

1. februar 2022

Koronavaksinering for 5-11 åringane 

Barn født i 2010-2016 får tilbod om koronavaksine. Føresette kan velje å vaksinere barna sine dersom dei ynskjer det. Dette er mest aktuelt for:   

  • Barn med kroniske sjukdomar (Tilsvarande gruppe som vert anbefalt influensavaksine).  
  • Familiar der barn har nær kontakt med personar med særleg behov for beskyttelse. 
  • Barn med auka risiko fordi dei skal flytte eller opphalde seg i land med høgare smitterisiko eller dårlegarehelsetenester enn i Norge, eller barn som av andre grunnar lever i ein utsatt situasjon.  
  • Barn i denne aldersgruppa får eigne barnedosar.  

Dersom du ynskjer at ditt barn skal vaksinerast, ta kontakt med Masfjorden Legekontor, tlf. 56166300.    

Koronavaksinering for 12-15 åringane 

 Regjeringa har avgjort å følgje Folkehelseinstituttet sin anbefaling om å tilby koronavaksinasjon til ungdom i alderen 12 - 15 år. Ein må vere fylt 12 år før ein kan få vaksine. 

  • FHI anbefaler at ungdommar i aldersgruppa 12-15 år kan få tilbod om dose 2. 
  • Dette er eit frivillig tilbod og føresette kan sjølvvelje å vaksinere barna sine med dose to 8- 12 veker etter dose 1 dersom føresette/barnet sjølvynskjer det. 
  • Dersom de ynskjer at ditt barn skal vaksinerast, kan de møte på drop-in på oppsatte tider til vaksinering. Sjå heimesida til Masfjorden Kommune.   

Begge føresatte må samtykke skriftleg til vaksinering av barn under 16 år. Samtykkeskjema finn du her:  

nynorsk_samtykkeskjema-ved-vaksinering-av-barn-og-unge-som-ikke-har-fylt-16.pdf (fhi.no) 

Vaksinasjon med 4. dose koronavaksine til personar med alvorleg svekka immunforsvar.  

1. februar 2022

FHI anbefaler at pasientar med alvorleg svekka immunforsvar tar oppfriskningsdose nr. 4 med koronavaksine.  

Det skal ha gått 3 månader frå du fekk 3. dose til du kan få 4. dose. 

Dei som skal ha 4.dose kan møte på drop-in på oppsatte tider til vaksinering. Sjå heimesida til Masfjorden Kommune. 

Folkehelseinstituttet har utarbeida ei oversikt over kva sjukdomar personar som blir anbefalt ei 4. dose har og kva medisinar ein nytta. Sjå lenka:  

Personer med alvorlig svekket immunforsvar bør ta oppfriskningsdose (4. dose) - FHI  

Covid-19 - Nye reglar for testing og smittesporing

25. januar 2022

Testing

Hovudregelen no er at alle som har luftvegssymptom eller er nærkontaktar til korona positive skal teste seg med sjølvtest. Testar du positivt på sjølvtest vert du rekna som sikkert positiv, og dei fleste treng ikkje lengre reise til legekontoret for å ta pcr-test.

Desse reglane gjeld om du har testa positivt:

  • Personar som har fått ein tredje vaksinedose (oppfriskingsdose/"boosterdose"), eller som har fått to dosar koronavaksine og deretter gjennomgått covid-19 i løpet av dei siste 3 månadene, treng ikkje lengre ta bekreftande PCR-test etter positiv sjølvtest. Dette er fordi desse personane ikkje vil ha noko praktisk nytte av ein slik bekreftande prøve.
  • Personar som ikkje har fått oppfriskingsdose kan framleis ta bekreftande PCR-test på kommunal teststasjon dersom dei har behov for det til koronasertifikat eller av omsyn til vidare vaksinasjonsplan.
  • Personar som treng helsehjelp i samband med koronasjukdom vert tilrådd å ta bekreftande prøve med PCR-analyse når dette har tyding for diagnostikk og behandling.

Her kan du lese meir om kvar du kan få utlevert sjølvtest: Masfjorden kommune - Korona - sjølvtest

Sjølvregistrering av positive sjølvtestar og nærkontaktar

Kommunane er bedne om å lage eit system der den smitta sjølv kan registrere positiv sjølvtest og nærkontaktar. Masfjorden kommune arbeider no med å få på plass ei slik ordning, og me vil koma attende med meir informasjon når systemet er klart. Inntil vidare ber me innbyggjarar som testar positivt på sjølvtest om å informere sine nærkontaktar, og å melda frå om positiv sjølvtest til Masfjorden legekontor på telefon 56166300.

Sjølvtest

23. desember 2021

  • Kommunehuset på Masfjordnes, måndag til fredag kl. 08.00 - 15.30
  • Legekontoret i Fensfjordbygg på Hosteland, måndag til fredag kl. 09.00 - 15.00
  • Matre skule, måndag til fredag kl. 14.30 - 16.30
  • Heimetenesta på ettermiddag/kveld og helg, telefonnummer Nordbygda: 41617507, Matre: 41617508, Sørsida: 48295935

Me minner elles om dei smitteførebyggjande råda: Ver heime viss du er sjuk, hald avstand til dei som ikkje er dine nærkontaktar og sørg for god handhygiene.

Alle over 18 år får tilbod om oppfriskingsdose med koronavaksine

23. desember 2021

Det vert no opna for vaksinering dose 3 til alle over 18 år, der det har gått 20 veker frå dose 2.

Personell i skule og barnehage har prioritet, men me har nok vaksiner til alle over 18 som ynskjer denne.  Dersom det er gått 20 veker sidan dose 2 er det berre å møte opp på ein av vaksinedagane.

Er du usikker på når du fekk dose 2 kan du logge inn på Helse Norge og sjå når du fekk dose 2, eller ta kontakt med legekontoret om du ikkje finn ut av det.

Me utvidar tidspunktet for vaksinering slik:

  • Tysdag 21. desember 2021 kl. 11.00 - 15.00
  • Tysdag 28. desember 2021 kl. 11.00 - 15.00
  • Onsdag 5. januar 2022 kl. 15.30 - 18.00
  • Onsdag 12. januar 2022 kl. 14.00 - 16.00

Koronavaksineringa går føre seg i gamle legekontoret på Hosteland. Her kan du få 1. dose, 2. dose eller 3. dose.

Viktig informasjon: Du får ikkje innkalling til 3. dose slik du fekk til 1. og 2. dose. Du skal ikkje bestilla time for vaksinering, berre møte opp til dei tidene som vert annonsert. Vaksinen er gratis.

FHI tilrår også gravide i aldersgruppa 18-44 år å ta oppfriskingsdose i andre og tredje trimester, og i første trimester dersom dei har annan tilleggsrisiko. Er du gravid og usikker på vaksinasjon, ta kontakt med legekontoret.

Masfjorden kommune oppmodar alle innbyggjarar som kan om å vaksinera seg. Dersom du ynskjer 1. eller 2. dose med koronavaksine kan du også møte på ein av desse dagane.

Ved spørsmål ta kontakt med Masfjorden legekontor tlf. 56166300 eller Masfjorden helsestasjon: 56166314 / 56166313.

Koronavaksinasjon 1., 2., eller 3. dose

9. desember 2021

Du skal ikkje bestilla time for vaksinering, berre møte opp til dei tidene som vert annonsert. Vaksinen er gratis.

Det vert koronavaksinering på Nordbygda gamle legekontoret den:

  • Tysdag 14. desember 2021 kl. 09.00 - 13.00
  • Tysdag 28. desember 2021 kl. 11.00 - 13.00
  • Onsdag 5. januar 2022 kl. 15.30 - 18.00
  • Onsdag 12. januar 2022 kl. 14.00 - 16.00

Følg med på heimesida for oppdatert informasjon, og for nye datoar etter dette.

Kommunen har fått nye retningslinjer om tredje dose:

  • Alle over 65 år kan få 3. dose når det er gått 5 månader frå du fekk 2. dose.
  • Alle over 45 år kan få 3. dose når det er gått 5 månader frå du fekk 2. dose.
  • Aldersgruppa 18-44 år i høgrisikogruppene når det har gått 6 månader frå du fekk 2. dose.
  • Alt helsepersonell når det har gått 5 månader frå du fekk 2. dose.

Er du gravid og usikker på vaksinasjon, ta kontakt med legekontoret.

Du kan sjå på helse Norge/min helse når du fekk dose 2, eller ta kontakt med legekontoret om du ikkje finn ut av det.

Masfjorden kommune oppmodar alle innbyggjarar som kan om å vaksinera seg.

Dersom du ynskjer 1. eller 2. dose med koronavaksine kan du også møte på ein av desse dagane.

Ved spørsmål ta kontakt med Masfjorden legekontor tlf. 56166300 eller Masfjorden helsestasjon: 56166314 / 56166313.

 

Legekontoret er ope fredag 10. desember

9. desember 2021

Masfjorden legekontorer er ikkje stengt, slik som først planlagt, fredag 10. desember. Legekontoret er ope for legetilsyn som ikkje kan vente og koronatesting.

Oppdaterte datoar og retningslinjer for koronavaksinasjon i desember 2021

6. desember 2021

Kommunen har fått nye retningslinjer om tredje dose:

  • alle over 45 år kan få 3. dose når det er gått 6 månader eller meir frå ein fekk 2. dose.
  • Aldersgruppa 18-44 år i høgrisikogruppene når det har gått 6 månader
  • dei over 65 år når det har gått minimum 5 månader
  • alt helsepersonell når det har gått 6 månader, inkl. gravid helsepersonell

Høgrisikogruppene er:

  • organtransplanterte
  • dei med immunsvikt
  • hematologisk kreftsjukdom siste fem år
  • pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft
  • nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon
  • Downs syndrom
  • kronisk nyresjukdom eller betydeleg nedsett nyrefunksjon.

Er du gravid og usikker på vaksinasjon, ta kontakt med legekontoret.

Du treng ikkje bestilla time. Vaksinen er gratis. Du kan sjå på helse Norge/min helse når du fekk dose 2, eller ta kontakt med legekontoret om du ikkje finn ut av det.

Møt opp i aktuelle tidsrom på Nordbygda, gamle legekontoret:

  • Tysdag 07. desember kl. 09.00 -13.00
  • Tysdag 14. desember kl. 09.00 - 13.00.

Dersom du ynskjer 1. eller 2. dose med koronavaksine kan du også møte på ein av desse dagane.

Ved spørsmål ta kontakt med Masfjorden legekontor tlf. 56166300 eller Masfjorden helsestasjon: 56166314 / 56166313.

Legekontoret er stengt fredag 10. desember 2021

6. desember 2021

Dersom du treng tilsyn av lege den dagen, kontakt Nordhordland legevakt på tlf. 116117 eller 56351003.

Ved akutt behov ring 113.

Ønsker alle ei riktig god adventstid!

Koronavaksinering i veke 30 og 31

29. juli 2021

I veke 30 får Masfjorden over 250 dosar, og veka etter (veke 31) nesten 200 dosar.

Målet dei to komande vekene er å få gjeve alle innbyggarar i kommunen tilbod om fyrste vaksinedose.

Helseavdelinga ringjer rundt til alle som er i aktuell målgruppe for å avtale tid til vaksinasjon. Me oppmodar alle som får oppringing frå legekontoret sitt telefonnummer 56166300 om å svare telefonen, eller ringje oppatt dersom du ser «ubesvart anrop» frå dette nummeret på din telefon. 

Er du nytilflytta til kommunen eller av andre grunnar ikkje har fått tilbod om vaksine vert du oppmoda om å ta kontakt med legekontoret.

Dersom den gode tilgangen på vaksine heldt fram utover i august, kan me korte ned intervallet mellom 1. og 2. dose. Dei som ventar på 2. dose vil då få eit sms varsel frå legekontoret om ny time til vaksine.

I løpet av veke 25 vil alle fødd i 1962 (59 år) og tidlegare, få tilbod om Pfizervaksine.

11. juni 2021

Me har fått oversikt over antal vaksiner me får i veke 24 og 25, og vil i løpet av desse vekene gi tilbod om vaksine til dei som er fødd i 1958 og fram til og med 1962.

Me vaksinerer fortløpande etter retningslinjer frå FHI, sjå prioriteringsrekkefylgjen under:

Prioriteringsrekkefylgje: 

1. Bebuarar i sjukeheim

2. Alder 85 år og eldre

3. Alder 75-84 år 

4. Alder 65-74 år 
og samtidig personar mellom 18 og 64 år med sjukdomar/tilstander med høg risiko for alvorleg forløp

5. Alder 55-64 år med underliggande sjukdomar/tilstander

6. Alder 45-54 år med underliggande sjukdomar/tilstander 

7. Alder 18-44 år med underliggande sjukddomar/tilstander 

8. Alder 55-64 år 

9. Alder 45-54 år 

10. Alder 18-24 år og 40-44 år

11. Alder 25-39 år

Dersom du har ein underliggande sjukdom og ikkje har fått tilbod om vaksine, kan du ta kontakt med legekontoret på tlf. 56166300.

Dei underliggande sjukdommane er:

  • Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsatt leverfunksjon  
  • Immundempande behandling som ved autoimmune sjukdomar 
  • Diabetes  
  • Kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroider eller steroidtabletter siste året  
  • Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare 
  • Demens  
  • Kroniske hjerte- og karsjukdom (med unntak av høgt blodtrykk)  
  • Hjerneslag  

 

Me ber om at alle har tatt ei avgjerd på om ein ynskjer vaksine eller ikkje når me tar kontakt. Me veit endå berre 1-2 veker fram i tid kva mengde me får av vaksine. Det er difor kort varsel på tildelt time til vaksinering, og me oppfordra alle til å ordne seg slik at ein kan stille på tildelt time så langt det lar seg gjere.

Me vaksinerer framleis om onsdagar i det gamle lokalet til legekontoret på Hosteland. Møt så presist som mogleg til klokkeslettet du har fått og vent i bilen til du blir henta inn. Dette pga smittevern.

Er du nyleg flytta til kommunen og ynskjer vaksine, ta då kontakt med legekontoret.

Alle fødd i 1956 og tidlegare har fått tilbod om vaksine

25. mai 2021

I tillegg vil dei som har fått 1. dose med AstraZeneca, få tilbod om dose 2 i v. 22, då med Pfizer vaksinen. Dei dette gjeld har blitt kontakta av legekontoret.

Tilgangen på vaksine skal auke i juli og august, så det vil bli vaksinering gjennom heile sommaren. Me ber om at alle har tatt ei avgjerd på om ein ynskjer vaksine eller ikkje når me tar kontakt. Me veit enno berre 1-2 veker fram i tid kva mengde me får av vaksine. Det er difor kort varsel på tildelt time til vaksinering, og me oppfordra alle til å ordne seg slik at ein kan stille på tildelt time så langt det lar seg gjere.

Me vaksinerer framleis om onsdagar i det gamle lokalet til legekontoret på Hosteland. Møt så presist som mogleg til klokkeslettet du har fått og vent i bilen til du blir henta inn. Dette pga smittevern.

Er du nyleg flytta til kommunen, over 65 år og ikkje fått tilbod om vaksinering, ta då kontakt med legekontoret.

Koronavaksinering- før, under og etter

28. april 2021

Kvar vaksinerer me?

Me vaksinerer framleis om onsdagar i det gamle lokalet til legekontoret på Hosteland, Fensfjordvegen 490.

Før vaksinering

Me ber om at alle har tatt ei avgjerd på om ein ynskjer vaksine eller ikkje når me tar kontakt. Me veit dessverre berre 1-2 veker fram i tid kva mengde me får av vaksine. Det er difor kort varsel på tildelt time til vaksinering, og me oppfordra alle til å ordne seg slik at ein kan møte på tildelt time så langt det lar seg gjere.

Det er FHI som bestemmer kor mange dosar me får kvar veke. Her finn du meir informasjon (www.fhi.no) 

Legekontoret vil ta kontakt pr telefon med den enkelte innbyggar som står for tur og avtale tidspunkt for vaksinering. Dersom du har fastlege i ein annan kommune og er under 65 år er det ynskjeleg at du avklarar med fastlegen din om du er i risikogruppa. Når du har innhenta opplysningar frå fastlegen din tar du kontakt med Masfjorden legekontor som vil sette deg på vaksinasjonslista etter prioritering.

Me fylgjer nasjonale råd om kven som skal vaksinerast fyrst. Her finn du meir informasjon (www.fhi.no)

Eigenerklæringsskjema

Alle som kjem for å få vaksine må ha med seg ferdig utfylt eigenerklæringsskjema. Her må du svare på om du kjenner deg frisk, og om du har nokon kjende sjukdommar. Dette skjemaet kan du laste ned og skrive ut her:
Eigenerklæringsskjema for koronavaksinering (www.fhi.no) 
Skjemaet er også lagt ut på alle butikkar i kommunen og på legekontoret.

Du skal ikkje møte til vaksinering om du har luftvegssymptom. Gi då beskjed på tlf. 56166300

Under vaksinering

Møt så presist som mogleg til klokkeslettet du har fått og vent i bilen til du blir henta inn. Dette pga smittevern.

Vaksineringa skjer på fylgjande måte:

  1. Registrering. Her leverer du eigneerklæringa.
  2. Vaksinering. Sprøyta med vaksine blir sett i overarmen. Ta på praktiske kle slik at det er lett å få fram overarmen.
  3. Observasjon. Me har som rutine at alle som tar vaksine må sitte i 20 minuttar etter vaksinasjonen i tilfelle ein får ein reaksjon etter vaksine.

Koronavaksine på 1-2-3 (www.fhi.no)


nynorsk_koronavaksine-pa-123.pdf (www.fhi.no) 

Alle skal ha to dosar Pfizer vaksine. Folkehelseinstituttet anbefaler no eit  intervall på 6 veker mellom første og andre dose med Pfizer vaksine. Når du får 1. vaksinedose får du samstundes timeavtale for 2. dose.

VAKSINESVINDEL

5. mars 2021

Me ber alle om å vere merksame på at svindlarar kan prøve å dra nytte av situasjonen med vaksinering i tida framover.
Det er ikkje usannsynleg at svindlarar vil utnytte situasjonen no når innbyggjarane ventar på å bli kontakta i samband med koronavaksinasjonen med tilbod om vaksinasjon mot førehandsbetaling og eigendel.

Svindlarane sine metodar vil variere

Telefonoppringing, tekstmeldingar, epost, meldingar via sosiale media.
Linkar i meldingar og e-postar dei vil få deg til å gå inn på
Lure til seg bankkontonummer, kredittkortnummer og liknande.
Merk: Helsetenesta vil aldri etterspørje førehandsbetaling eller kortopplysningar. Både vaksine og vaksinasjon er gratis.

Heimesida til Masfjorden kommune har oppdatert informasjon om kva aldersgruppe som er aktuell for vaksinasjon den næraste tida framover.

Du vil verte oppringt av vårt helsepersonell frå det kommunale telefonnummeret
56 16 63 00 når det er din tur for vaksine.

Koronavaksinering

5. mars 2021

Alle over 85 år har fått tilbod om vaksine, og me har starta med 84-åringane, og går så gradvis nedover i årskulla mot 75-åringane som siste årskull i denne gruppa.

Vaksina er gratis og frivillig. Alle treng to dosar med vaksine for å vere beskytta mot viruset. Når du får 1. vaksinedose får du samstundes timeavtale for 2. dose. Etter siste dose går det ei veke før ein er beskytta mot viruset.

Eigenerklæringsskjema: Alle som kjem for å få vaksine må ha med seg ferdig utfylt eigenerklæringsskjema. Dette skjemaet kan du laste ned og skrive ut her:  https://www.fhi.no/publ/skjema/egenerklaringsskjema-for-koronavaksinasjon/ 

Skjemaet vert også lagt ut på alle butikkar i kommunen og på legekontoret. Det er viktig at du har med deg utfylt skjema når du kjem for å få vaksinen.

Nyttar du blodfortynnande medisin, som du tar om morgonen, skal du ikkje ta denne før etter at du har fått vaksina den dagen.

Ingen treng å ta kontakt med legekontor eller fastlege. Kommunen vil få nødvendig oversikt over alle prioriterte grupper, og ta kontakt etter kvart som vaksinering er aktuelt for deg.  

Folkehelseinstituttet har laga ei eiga temaside om organisering av koronavaksinasjonsprogrammet i Norge: www.fhi.no

Opningstider jul og nyttår 2020

14. desember 2020

Me har desse opningstidene mellom jul og nyttår:

V.52: mandag 21.12 kl. 09-15
         tirsdag 22.12 kl. 09-15
         onsdag 23.12 kl. 09-15
         Julafta og 1. juledag stengt

V.53: mandag 28.12 kl. 09-15
          tirsdag 29.12 kl. 09-15
          onsdag 30.12 kl. 09-15
          Nyttårsafta og 1. nyttårsdag stengt

Treng du legetilsyn dei dagane legekontoret er stengt, kontakt Nordhordland legevakt på tlf 116117.
Er det akutt ring 113.

 

                                Ønsker alle ei riktig
                                     God Jul
                                        og
                                   Godt Nyttår


Mvh
Masfjorden legekontor

KORONATESTING

12. oktober 2020

Teststasjonen for koronatesting er flytta

Koronatesting blir no gjennomført i garasjen på baksida av Fensfjordbygg. Som før ringer ein inn til legekontoret, tlf. 56166300, for å avtale tidspunkt for testing.

Når ein møter til test stiller ein seg i kø med bilen - sjå oppmerking på baksida av bygget - og blir testa etter tur.

Lenke til testkriteria (www.fhi.no)

INFLUENSAVAKSINE 2020/2021

12. oktober 2020

Vaksinasjonsdagar i Masfjorden kommune for risikogrupper vert:

Indrefjorden, Solheim Grendahus: måndag 26. oktober kl. 9.30 - 13.30.

Sandnes, Fjon Grendahus: tysdag 27. oktober kl. 9.30 - 13.30.

Nordbygda, Nordbygda samfunnshus: Onsdag 28. oktober kl. 9.30 - 13.00 og 15.30 - 18.00.

Etter 1. desember kan personar som ikkje er definert under risikogruppe ta kontakt med Masfjorden helsestasjon eller legekontor ved ynskje om vaksinasjon.

Grunna Korona er i år vaksina subsidiert til risikogruppa. Det vil seie at den kun kostar 50 kr. For dei som har frikort er den gratis.

Av smittevernhensyn skal ingen betala vaksina denne dagen. Legekontoret vil sende faktura til alle i ettertid.

For personar som ikkje er i risikogruppa kostar vaksina 200 kr.

Lenke til info om kven som er definert som risikogruppe: https://www.fhi.no/sv/influensa/influensavaksine/influensavaksine-risikogrupper/ 

Bestilling av faste medisiner

26. april 2018

Når du er til konsultasjon hos fastlegen, kan du be om å få ordna med faste medisiner for eitt år. Då kan du anten gå på apotek og hente sjølv ,eller ringe apoteket og be dei sende medisinen. Me har avtale om sending med Apotek 1 i Knarvik (nedom veien) Dei sender medisin anten til nærmaste butikk, eller heim til deg i posten. Sending til butikk koster kr 75, sending med post kr 150. Tlf Apotek 1 Knarvik: 56343000.

Du kan sjølvsagt som før ringe legekontoret for bestilling av medisin, då skal me hjelpe deg.

Digitale sjukemeldinger

18. januar 2018

Frå 15 januar 2018 vert heile sjukemeldinga digital. Du må ha ein bankID eller anna legitimasjon på høgaste tryggleiksnivå. Du kan avtale med legen om du ynskjer dette.

I så fall får du ein sms eller e-post der det står: Det ligg ei melding til deg på nav.no. Du går inn der og kan sende del C til arbeidsgiver. 

Du får ein sms eller e-post siste dag i sjukemeldingsperioden om at det ligg ein søknad på nav.no. Du fyller ut søknaden og sender denne digitalt til NAV og arbeidsgiver.(D-delen).

Henvisning til fysioterapi

18. januar 2018

Frå 1. jan 2018 treng ikkje pasienter lenger henvisning frå lege for å gå til fysioterapeut. Du kan sjølv ta direkte kontakt med den fysioterapeuten du ynskjer å gå til. For å få dekka ein del av behandlinga via Helfo, må fysioterapeuten ha driftsavtale med kommunen.

For meir info gå inn på helfo.no

Jordmor

9. november 2017

Me har jordmor på legekontoret onsdager. Dette er ei felles teneste for Masfjorden og Gulen. For time hos henne kan de henvende dykk alle dager i legekontoret si opningstid. Tlf 56166300.

Blodprøvetaking

9. november 2017

Til deg som berre skal ta blodprøver og ikkje har time. Du treng ingen avtale for dette. Det er greitt å berre henvende seg i luka.

Tidspunkt: man-torsdag kl. 09-12 og 13-14.30. Fredag kl. 09-12

                

Petroleumslege

9. november 2017

Rolf Magnus Sleire er godkjent petroleumslege. Ta kontakt med oss for time. Ventetida kan vere litt lenger enn til ordinære timer.