Alle over 85 år har fått tilbod om vaksine, og me har starta med 84-åringane, og går så gradvis nedover i årskulla mot 75-åringane som siste årskull i denne gruppa.

Vaksina er gratis og frivillig. Alle treng to dosar med vaksine for å vere beskytta mot viruset. Når du får 1. vaksinedose får du samstundes timeavtale for 2. dose. Etter siste dose går det ei veke før ein er beskytta mot viruset.

Eigenerklæringsskjema: Alle som kjem for å få vaksine må ha med seg ferdig utfylt eigenerklæringsskjema. Dette skjemaet kan du laste ned og skrive ut her:  https://www.fhi.no/publ/skjema/egenerklaringsskjema-for-koronavaksinasjon/ 

Skjemaet vert også lagt ut på alle butikkar i kommunen og på legekontoret. Det er viktig at du har med deg utfylt skjema når du kjem for å få vaksinen.

Nyttar du blodfortynnande medisin, som du tar om morgonen, skal du ikkje ta denne før etter at du har fått vaksina den dagen.

Ingen treng å ta kontakt med legekontor eller fastlege. Kommunen vil få nødvendig oversikt over alle prioriterte grupper, og ta kontakt etter kvart som vaksinering er aktuelt for deg.  

Folkehelseinstituttet har laga ei eiga temaside om organisering av koronavaksinasjonsprogrammet i Norge: www.fhi.no