Me ber alle om å vere merksame på at svindlarar kan prøve å dra nytte av situasjonen med vaksinering i tida framover.
Det er ikkje usannsynleg at svindlarar vil utnytte situasjonen no når innbyggjarane ventar på å bli kontakta i samband med koronavaksinasjonen med tilbod om vaksinasjon mot førehandsbetaling og eigendel.
Svindlarane sine metodar vil variere
Telefonoppringing, tekstmeldingar, epost, meldingar via sosiale media.
Linkar i meldingar og e-postar dei vil få deg til å gå inn på
Lure til seg bankkontonummer, kredittkortnummer og liknande.
Merk: Helsetenesta vil aldri etterspørje førehandsbetaling eller kortopplysningar. Både vaksine og vaksinasjon er gratis.
Heimesida til Masfjorden kommune har oppdatert informasjon om kva aldersgruppe som er aktuell for vaksinasjon den næraste tida framover.
Du vil verte oppringt av vårt helsepersonell frå det kommunale telefonnummeret
56 16 63 00 når det er din tur for vaksine.