Me har fått oversikt over antal vaksiner me får i veke 24 og 25, og vil i løpet av desse vekene gi tilbod om vaksine til dei som er fødd i 1958 og fram til og med 1962.
Me vaksinerer fortløpande etter retningslinjer frå FHI, sjå prioriteringsrekkefylgjen under:
Prioriteringsrekkefylgje:
1. Bebuarar i sjukeheim
2. Alder 85 år og eldre
3. Alder 75-84 år
4. Alder 65-74 år
og samtidig personar mellom 18 og 64 år med sjukdomar/tilstander med høg risiko for alvorleg forløp
5. Alder 55-64 år med underliggande sjukdomar/tilstander
6. Alder 45-54 år med underliggande sjukdomar/tilstander
7. Alder 18-44 år med underliggande sjukddomar/tilstander
8. Alder 55-64 år
9. Alder 45-54 år
10. Alder 18-24 år og 40-44 år
11. Alder 25-39 år
Dersom du har ein underliggande sjukdom og ikkje har fått tilbod om vaksine, kan du ta kontakt med legekontoret på tlf. 56166300.
Dei underliggande sjukdommane er:
- Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsatt leverfunksjon
- Immundempande behandling som ved autoimmune sjukdomar
- Diabetes
- Kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroider eller steroidtabletter siste året
- Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare
- Demens
- Kroniske hjerte- og karsjukdom (med unntak av høgt blodtrykk)
- Hjerneslag
Me ber om at alle har tatt ei avgjerd på om ein ynskjer vaksine eller ikkje når me tar kontakt. Me veit endå berre 1-2 veker fram i tid kva mengde me får av vaksine. Det er difor kort varsel på tildelt time til vaksinering, og me oppfordra alle til å ordne seg slik at ein kan stille på tildelt time så langt det lar seg gjere.
Me vaksinerer framleis om onsdagar i det gamle lokalet til legekontoret på Hosteland. Møt så presist som mogleg til klokkeslettet du har fått og vent i bilen til du blir henta inn. Dette pga smittevern.
Er du nyleg flytta til kommunen og ynskjer vaksine, ta då kontakt med legekontoret.