Koronavaksinering for 5-11 åringane
Barn født i 2010-2016 får tilbod om koronavaksine. Føresette kan velje å vaksinere barna sine dersom dei ynskjer det. Dette er mest aktuelt for:
- Barn med kroniske sjukdomar (Tilsvarande gruppe som vert anbefalt influensavaksine).
- Familiar der barn har nær kontakt med personar med særleg behov for beskyttelse.
- Barn med auka risiko fordi dei skal flytte eller opphalde seg i land med høgare smitterisiko eller dårlegarehelsetenester enn i Norge, eller barn som av andre grunnar lever i ein utsatt situasjon.
- Barn i denne aldersgruppa får eigne barnedosar.
Dersom du ynskjer at ditt barn skal vaksinerast, ta kontakt med Masfjorden Legekontor, tlf. 56166300.
Koronavaksinering for 12-15 åringane
Regjeringa har avgjort å følgje Folkehelseinstituttet sin anbefaling om å tilby koronavaksinasjon til ungdom i alderen 12 - 15 år. Ein må vere fylt 12 år før ein kan få vaksine.
- FHI anbefaler at ungdommar i aldersgruppa 12-15 år kan få tilbod om dose 2.
- Dette er eit frivillig tilbod og føresette kan sjølvvelje å vaksinere barna sine med dose to 8- 12 veker etter dose 1 dersom føresette/barnet sjølvynskjer det.
- Dersom de ynskjer at ditt barn skal vaksinerast, kan de møte på drop-in på oppsatte tider til vaksinering. Sjå heimesida til Masfjorden Kommune.
Begge føresatte må samtykke skriftleg til vaksinering av barn under 16 år. Samtykkeskjema finn du her:
nynorsk_samtykkeskjema-ved-vaksinering-av-barn-og-unge-som-ikke-har-fylt-16.pdf (fhi.no)