Hopp til hovedinnhold
Send til 2097:  MASFJORDEN fødselsdato, ditt navn, grad av hast

MASFJORDEN 030562 Kari Normann Trenger time for konsultasjon

Kr. 6,- per mottatt melding. Normalt to meldinger - bekreftelse og timeavtale. (Unngå sensitiv informasjon) NB: Tjenesten kan ikke benyttes om man har reservert seg mot kortnummer

Masfjorden Legekontor

Velkommen til våre heimesider. Me ynskjer å gjere kontakten med oss enklare. Derfor er det lagt til rette for bestilling av time via SMS. Du vil her også finne ein del informasjon om legekontoret. Elles er du sjølvsagt velkommen til å ta kontakt med oss via telefon.

Aktuelt


Påska 2023

15. mars 2023

 Opningstider veke 14:

  • Måndag 03.04 kl. 09-15
  • Tysdag 04.04 kl. 09-15
  • Onsdag 05.04 kl. 09-12
  • Skjærtorsdag og Langfredag stengt

Opningstider veke15:

  • Måndag 2. påskedag stengt
  • Resten av veka vanleg opningstid

Treng du legetilsyn dei dagane legekontoret er stengt kontakt Nordhordland legevakt på tlf. 116117. Er det akutt ring 113.

Legekontoret stenger kl 14:00 Fredag 16.desember

16. desember 2022

 

Fredag, den 16. desember, stenger legekontoret kl 14.

Treng du tilsyn av lege etter kl 14, kontakt Nordhordland legevakt Tlf: 116117, ved akutt behov ring 113.

Oppfriskningsdose Koronavaksine

16. desember 2022

Folkehelseinstituttet (FHI) anbefalar at følgende grupper bør ta ei ny oppfriskningsdose med koronavaksine før kommande haust/vintersesong:

  • Personar i aldersgruppa 65 år eller eldre
  • Personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp
  • Ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsykdom.
  • Gravide i 2. og 3. trimester

Dette vil for dei fleste være dose 4, men for enkelte med alvorleg svekka immunforsvar vil det være dose 5. 

Anbefalinga om å ta ny oppfriskningsdose gjeld også dersom du nylig har gjennomgått ein koronainfeksjon. Gjennomgått sjukdom vil imidlertid gje deg god beskyttelse den første tida etter at du har vore sjuk og du kan derfor avvente i 3-4 måneder før du vaksineres med ny dose.

Anbefalt intervall siden forrige vaksinedose bør være minimum 4 måneder.

Ta kontakt med Masfjorden legekontor for meir informasjon eller for å avtale tid for oppfriskingsdose.

Telefon: 56166300

Masfjorden legekontor har redusert kapasitet  

12. september 2022

Masfjorden legekontor har redusert kapasitet

Me mangler lege i ei av stillingane. I tillegg til dette er ein av legane sjukmeldt. Det vert arbeid med å betre kapasiteten. 

I påvente av dette ber me om forståing for den personell situasjonen legekontoret no har.
Nødvendig helsehjelp vert prioritert. Dette medfører lenger ventetid på ordinære legetimar.

Tekst: Ida Eide, leiar for helsetenesta.

 

Koronavaksine

8. september 2022

Dei nye vaksinane er oppdaterte for å vere betre tilpassa variantane av koronaviruset, og dei skal brukast til oppfriskingsdose.

Ynskjer du likevel vaksine før den nye kjem, ta kontakt med legekontoret. 

Koronavaksine for dei over 75 år

7. juli 2022

  • Folkehelseinstituttet anbefaler at personar som er 75 år og eldre får oppfriskningsdose.
  • Anbefalinga om oppfriskningsdose gjeld uavhenging om ein nyleg har gjennomgått koronainfeksjon.
  • Dosen kan bli gitt tidlegast 4 månadar etter siste oppfriskningsdose, eller minimum 3 veker etter gjennomgått koronainfeksjon.
  • Det blir ikkje sendt ut innkalling til vaksinering, ein må sjølv ta kontakt med legekontoret for å avtale tid.

Me vil få levert koronavaksiner i veke 29. Dei som ynskjer vaksine kan ta kontakt med legekontoret på 56166300.

Dette gjeld og dei som ynskjer 2. dose eller 3. dose.

Registrere positiv sjølvtest

1. februar 2022

Dersom testen din er positiv er det viktig at kommunen får beskjed.
Skjema for registrering av positiv hurtigtest (skjema.kf.no)
Dersom du har problem med registreringa ring Masfjorden legekontor på
Telefon 56166300.

For meir informasjon sjå masfjorden.kommune.no

 

 

Koronavaksinering i februar 2022

1. februar 2022

Det vert koronavaksinering på gamle legekontoret i Nordbygda: 

  • Onsdag 2. februar kl. 16.00 - 18.00 
  • Onsdag 9. februar kl. 16.00 - 17.00 
  • Onsdag 16. februar kl. 16.00 - 17.00 
  • Onsdag 23. februar kl. 16.00 - 17.00  

Etter desse dagane vert det ikkje lenger vaksinering i Masfjorden kvar veke. Me vil fortsetje å vaksinere, men då etter behov. Me kjem tilbake med tidspunkt for dette.

Alle over 18 år kan få 3. vaksinedose dersom det er gått 20 veker etter 2. vaksinedose. Dersom du ynskjer 1. eller 2. dose med koronavaksine kan du også møte på ein av desse dagane. 

Dei med alvorleg svekka immunforsvar og skal ha 4. dose kan og møte her, sjå eige informasjon kven dette gjeld.  

Viktig informasjon: Du får ikkje innkalling til 3. dose slik du fekk til 1. og 2. dose. Du skal ikkje bestilla time for vaksinering, berre møte opp til dei tidene som vert annonsert. Vaksinen er gratis. 

FHI tilrår også gravide i aldersgruppa 18-44 år å ta oppfriskingsdose i andre og tredje trimester, og i første trimester dersom dei har annan tilleggsrisiko. Er du gravid og usikker på vaksinasjon, ta kontakt med legekontoret. 

Er du usikker på når du fekk dose 2 kan du logge inn på Helse Norge og sjå når du fekk dose 2, eller ta kontakt med legekontoret om du ikkje finn ut av det. 

Masfjorden kommune oppmodar alle innbyggjarar som kan om å vaksinera seg. 

Ved spørsmål ta kontakt med Masfjorden legekontor tlf. 56166300 eller Masfjorden helsestasjon: 56166314 / 56166313. 

Koronavaksinering for 5-11 åringane og 12-15 åringane

1. februar 2022

Koronavaksinering for 5-11 åringane 

Barn født i 2010-2016 får tilbod om koronavaksine. Føresette kan velje å vaksinere barna sine dersom dei ynskjer det. Dette er mest aktuelt for:   

  • Barn med kroniske sjukdomar (Tilsvarande gruppe som vert anbefalt influensavaksine).  
  • Familiar der barn har nær kontakt med personar med særleg behov for beskyttelse. 
  • Barn med auka risiko fordi dei skal flytte eller opphalde seg i land med høgare smitterisiko eller dårlegarehelsetenester enn i Norge, eller barn som av andre grunnar lever i ein utsatt situasjon.  
  • Barn i denne aldersgruppa får eigne barnedosar.  

Dersom du ynskjer at ditt barn skal vaksinerast, ta kontakt med Masfjorden Legekontor, tlf. 56166300.    

Koronavaksinering for 12-15 åringane 

 Regjeringa har avgjort å følgje Folkehelseinstituttet sin anbefaling om å tilby koronavaksinasjon til ungdom i alderen 12 - 15 år. Ein må vere fylt 12 år før ein kan få vaksine. 

  • FHI anbefaler at ungdommar i aldersgruppa 12-15 år kan få tilbod om dose 2. 
  • Dette er eit frivillig tilbod og føresette kan sjølvvelje å vaksinere barna sine med dose to 8- 12 veker etter dose 1 dersom føresette/barnet sjølvynskjer det. 
  • Dersom de ynskjer at ditt barn skal vaksinerast, kan de møte på drop-in på oppsatte tider til vaksinering. Sjå heimesida til Masfjorden Kommune.   

Begge føresatte må samtykke skriftleg til vaksinering av barn under 16 år. Samtykkeskjema finn du her:  

nynorsk_samtykkeskjema-ved-vaksinering-av-barn-og-unge-som-ikke-har-fylt-16.pdf (fhi.no) 

Vaksinasjon med 4. dose koronavaksine til personar med alvorleg svekka immunforsvar.  

1. februar 2022

FHI anbefaler at pasientar med alvorleg svekka immunforsvar tar oppfriskningsdose nr. 4 med koronavaksine.  

Det skal ha gått 3 månader frå du fekk 3. dose til du kan få 4. dose. 

Dei som skal ha 4.dose kan møte på drop-in på oppsatte tider til vaksinering. Sjå heimesida til Masfjorden Kommune. 

Folkehelseinstituttet har utarbeida ei oversikt over kva sjukdomar personar som blir anbefalt ei 4. dose har og kva medisinar ein nytta. Sjå lenka:  

Personer med alvorlig svekket immunforsvar bør ta oppfriskningsdose (4. dose) - FHI  

Les flere artikler